ARTIST STATEMENT 

Maia Birkeland utviklar og arbeider med eigne prosjekt, men inviterer gjerne andre inn i samarbeid eller deltek i andres prosjekt. Ho oppsøkjer ofte eksterne fagmiljø for ekspertise, innblikk eller ei form for sosial fagutveksling.

Birkeland arbeider innan ei rekkje uttrykksformer, med hovudvekt på skulptur, installasjon og intervensjon, forankra i det materialbaserte feltet. Avhengig av verkets tematikk nyttar ho ulike materiale som tekstil, tekst, organisk materiale, funne objekt, lyd, video med meir. Gjenbruk og merksemd ovanfor ulike materiale sine visuelle, taktile og assosiative eigenkvalitetar er viktige element i hennar praksis.

 Tematisk kretsar ho kring den konstante, gjensidige påverkinga mellom menneske – menneske, stad – menneske og menneske – stad. Birkeland er også oppteken av djupgripande erfaringar – det Å gjere, Å sanse, Å gjennomgå – og grunnlaget for refleksjon som ligg her.

For questions or any information in english, please do not hesitate to contact the artist at post@maiabirkeland.no